Logo
Login
Navigasjon
Artikkel hentet fra matportalen.no

Matmerking har fleire formål. Blant anna skal gi forbrukarar høve til å vite kva mat og drikke inneheld, og kor lenge varene held seg. Merkinga skal også gi informasjon om eigna oppbevaring og i mange tilfelle korleis maten skal lagast til.

Merkinga skal vere lett synleg og lett å forstå. Merkinga skal vere på norsk. I unntakstilfelle kan eit anna språk aksepterast, men berre dersom stavinga liknar den norske.

Matvarer skal vere merkte med namn og adresse til den som produserer eller forhandlar produktet.

Merkinga skal gi forbrukarane høve til …

… å kunne foreta velgrunna valg

Merking skal gjere det lettare å samanlikne dei ulike produktane. Forbrukaren kan samanlikne vekta på ulike produkt. I ingredienslista skal det stå kva for ingrediensar produktet inneheld. I dei fleste tilfella skal det gå fram av emballasjen kor mykje av ein karaktergivande ingrediens eller kategori av ingrediensar, for eksempel kjøtt i ei kjøttpølse som er brukt.

… å unngå ting ein ikkje toler

Ingredienslista skal gi nødvendige opplysningar om kva produktet inneheld. Dette er for eksempel viktig for dei som er allergiske eller overfølsame.

…å unngå gammal mat

Dei fleste næringsmiddel skal merkjast med ”Best før + dato” og opplysningar om korleis matvara skal lagrast. Mat som fort blir skjemd, skal merkjast med ”Siste bruksdag”.

... å vite kven du skal kontakte

Alle næringsmiddel skal merkjast med namn og adresse til den som har anten framstilt, pakka eller forhandla vara. I visse tilfelle skal næringsmiddel merkjast med opphavsland.

Kvar vender du deg dersom du har spørsmål?