09.08.2017: Ein idé å tilsetja klinisk ernæringsfysiolog?
Fyrst og fremst vil god og rett ernæring gi ei friskare brukargruppe, og mogelegvis færre sjukehusinnleggelsar og komplikasjonar. Dette vil medføre færre behov for kort- og langtidsplassar i kommunen. For det andre vil ein klinisk ernæringsfysiolog medføre frigjering av ressursar og tid for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre tilsette i det daglege arbeidet. Sist men ikkje minst så vil ein klinisk ernæringsfysiolog gi ei høgare kvalitet på dei helse- og omsorgstenestene kommunen tilbyr. (...) Som helsepersonell i pleien har me eit breitt ansvarsområde hos eit mangfald brukarar og pasientar. Me har ikkje inngåande kunnskapar i ernæring på same måte som ein klinisk ernæringsfysiolog med 5 års utdanning har innan dette.
Artikkel er publisert i Sunnhordland og skrevet av sykepleier Maria Hauge Larsen.