Nordmenn ynskjer å bli meir aktive

Nordmenn ynskjer å bli meir aktive

Ei ny kartlegging frå Helsedirektoratet viser at 76 prosent av inaktive nordmenn ynskjer å bli aktive. Fleire trenar, men mykje tyder på at den generelle kvardagsaktiviteten går ned.

Ynskjer lågare terskel

Det kjem fram at det er ulike tersklar som hindrar aktivitet. Over halvparten av dei spurte framhevar at kort reisetid frå heimen til staden aktiviteten skal forgå er det viktigaste. Fire av ti ynskjer ikkje å være bundne til faste treningsdagar, og like mange framhever at det må vere låg terskel for deltaking. Dette inneber mellom anna at tilbodet må vere lagt til rette også for dei som ikkje er veldig spreke, og vere tilpassa den einskilde sin fysikk.

- Dette er eit viktig signal, og understrekar behovet vi har sett for gode lågterskeltilbod der folk er, seier helsedirektøren.

 Les mer